Tema: Forelska paa barneskulen
Fra: Berge Myrene
E-Mail: berge@johanna7.hsr.no
Dato: Klokken 13:3 den 20/(5) 1995
Naar eg byrja i 1. klasse hadde eg ikkje vore forelska foer. Eg hadde hoeyrt
om det naar eg gikk i barnehagen, men aldri opplevd det sjoelv. Ho gikk i
klassa mi og var det penaste eg nokon gong hadde sett. Eg kan ikkje hugse at eg
prata noko saerleg med henne, men det gjorde liksom ikkje noko. Eg skreiv
navnet hennar i tallkoder paa handa mi (1=A, 2=B, osv.). Det var litt flaut
naar kompisane mine oppdaga det, men det gikk i grunnen over. Det som var
svaerast var naar vi hadde hoeglesing, og eg fikk enten lese foer eller
etter henne. Eg vart liksom saa varm inni meg. Eg trur ikkje at det var
meininga at det skulle bli oss to. Vi vart aldri saman, og no er ho gift
og alt, men ho er fortsatt veldig fin...

Berge
Inkluder teksten fra denne posten Om oppslagstavlene