Tema: Re: Barne TV
Fra:
Berge Myrene
E-Mail: berge@johanna7.hsr.no
Dato: Klokken 12:41 den 20/(5) 1995
> Grunde Grimstad (s583@brems.ii.uib.no) skrev:
> Kva med barne-TV og den ormen med rullegardina paa begynnelsen.
>
> Lekestue var topp naar Geir Boerretzen var der og laerte oss klokka,
> og viste film fraa nonstop-fabrikk. Men eg fikk heilt hetta naar
> Vibekke Sether var der, spesiellt naar ho begynnte med katte-imitasjon
> og greier.
>
> Saa hugsar eg Romlingane, og Colargol - som var ufatteleg trist - og
> Reperatoerene kommer. Og dessutan eit anna programm med Vibekke Sether
> som gav meg heilt hetta og paafoelgande mareritt i vekesvis etterpaa.
> (Ho dreiv aa trilla paa ei trillebaar med firkanta hjul, og det var
> heilt grusomt). Faktisk har det oeydelagt ein god del av barndommen min.
>
> Ellers foreslaar eg at dei gjenninfoerer ormen i barne-TV Jingle`en.
> Kvifor maatte dei skifte han ut i det heile tatt? Det var daa ingenting
> i vegen med han. Dagens oppvoksande slekter gaar gippet av ein av dei
> heilt grunnleggande tinga i livet!
>
> Grunde
HEAR HEAR!
Er det nokon som hugsar Jon Skolmen og skrivemaskina. DET var barne-tv det.
Eg hugsar ikkje saa mykje av det, men eg hugsar aapningsmelodien for eg syns
den var saa fantastisk morosam, og saa var Jon ein eminent programledar. Eg
hugsar at eg lo nesten heile tida og at han ein gong dreiv paa med nokre
ballongar som han kalla Bjarne. Dessutan saa meiner eg at Jon Skolmen burde
vere Obelix dersom det skulle bli laga film av Asterix.
Berge