Tema: Re: SOENDAGSSKULE
Fra: Berge Myrene
E-Mail: berge@johanna7.hsr.no
Dato: Klokken 15:18 den 19/(5) 1995
> Torgrim Grimstad (tor_grim@ask.gih.no) skrev:
> Kvifor gaar ikkje soettitalkam. paa soendagsskule. ALLE gjekk paa
> soendagsskule i dei dagar, endaatil ungane til hedningesamfunnet gjekk der.
> Der fekk vi stjerne eller fisk i heftet vaart, og saa sang vi sangar som
> skulle skreme oss til ikkje aa lyge og ikkje sjaa paa jentene og saant.
> Daa sang vi: "Vaer forsiktig lille oeye hva du ser" og saant. Eg oppfordrar
> dei til aa kome seg paa soendagsskule snart, for alle som har vore der
> minst ein gong veit at der er det eit enormt stoffmateriale.
> Gi gass. Leve Norsk Soendagsskuleforbund. Humanetisk forbund suger.
>
> Torgrim Grimstad.

Eg hugsar at eg hadde soedagsskulekort der eg samla alle gullfisk og gull-
stjerneklistremerka eg fekk paa soendagskulen. Dette kortet volda meg
etterkvart store problem. Det var eit bilde av Jesus og disippelane som var
ute og fiska, og saa saag vi garnet i sjoeen. Poenget var at vi skulle lime
inn gullfiskane og gullstjernene i garnet slik at soendagskulelaeraren vaar
kunne sjaa kor mange gongar vi hadde vore der. Eg fikk det liksom ikkje til
aa stemme at stjernene skulle vere i garnet som var ute i sjoeen. Dessutan
saa er eg vel ein av dei faa som har juksa med soendagskulekortet. Mamma
var ogsaa soendagskulelaerar, og ho hadde alltid med seg heim diverse
soendagskuleremedier, ogsaa gullfiskar og gullstjerner. Eg hugsar at eg stjal
eit heilt brett med gullfiskar slik at eg skulle ha i reserve dersom eg
ikkje hadde vore paa soendagsskule ein gong....

Berge
Inkluder teksten fra denne posten Om oppslagstavlene