Tema: Re: Dobbel-is
Fra: Berge Myrene
E-Mail: berge@johanna7.hsr.no
Dato: Klokken 14:57 den 19/(5) 1995
> Stein Pettersen () skrev:
> Hvor ble det av den geniale Dobbelisen? Den var selvfølgelig en saftis
> med appelsin/jorbær(?)smak og sjokaladetrekk på toppen.
>
> Den var drøy - og perfekt og dele med bestekompisen.
Endeleg avklaring.

Etter lange og ulidelige diskusjonar med diverse kioskpersonale i Stavanger-
regionen bestemte eg meg for aa ringe til baade Diplom is (alias norsk
iskrem) og Hennig Olsen for aa faa eit konkret svar paa kva iskremen med
to ispinar heitte. Etter aa ha blitt satt over til fleire sekretaerar var
det endeleg nokon som kunne svare meg. Hennig Olsen laga ein som heitte
SPLEIS, og Diplom is laga ein som heitte Dobbelis (orginalt eller ???).
Begge typane hadde den same geniale konstruksjonen, men den beste smaken hadde
definitivt Diplom is (red. anm.). Dersom nokon skulle sitje inne med meir
spisskompetanse paa omraadet er eg meir enn interessert i opplysningar.

Berge
Inkluder teksten fra denne posten Om oppslagstavlene