Tema: Re: Fy-ord.
Fra: Grunde Grimstad
E-Mail: s583@brems.ii.uib.no
Dato: Klokken 11:48 den 19/(5) 1995
> Torgrim Grimstad (tor_grim@ask.gih.no) skrev:
> Eg oppfordrar alle til aa bidra til mi fy-ordliste.
> Vis varsemd! Vi vil ikkje ha obskoene ord her, berre
> uttalte ord fraa dentid daa vi ikkje viste betre. Ord
> som K.., foreksempel, var eit ord som var altfor grisete.
> Eg raudna berre eg saag det paa doveggen. Saa ikkje
> kom her med dine moerke, perverse tankar. Her vil vi berre
> ha ekte vare fraa syttitalet. Eg startar med dei orda vi
> brukte i staden for ....ehhh....ja....tissemannen.Her er eit
> utvalg: GESS, PILL, SNADD, LURIKK, GYNST, SNIRL, P-EN, og
> sjølvsagt TISS. TISSEMANNEN, by the way, var eit ord vi
> ikkje brukte, for det sa alle barnehagetantene,
> og det var ikkje toeft nok.
> Torgrim.
>
Angaaande banneord hugsa eg at vi var svaert saa reserverte i forhold til folk i bydistrikta og det sentrale austlandsomraadet. F.eks. ordet STEIKE! (eller den lokale varianten ) STEIK! eller STEIKE DE! vart kjapt oversett til STEILE DE! STARLE TI! STEILE DE! eller endaa meir fantasifulle variantar som ikkje er fullt saa ioeyrefallande no som dei var den gang. STEIKE DE! var tabu for det betydde (kunne den lokale guruen paa barnehagen (som var to aar eldre) opplyse) at du VENNANE dine skulle STEIKE i HELVETE. Det var forresten eit anna stygt ord som berre blei brukt av verstingane og det sosiale underskiktet paa skulen. Du kunne risikere landsforvisning av bestemora om dette ordet (eller noko som likna) skulle gleppe ut av deg. Noko som teoretisk kunne skje etter lang paverknad fraa mindre spraakbevisste kompisar.

nokon fleire?

Grunde G.

Inkluder teksten fra denne posten Om oppslagstavlene