Tema: Klede som SUGER
Fra:
Torgrim Grimstad
E-Mail: tor_grim.ask.gih.no
Dato: Klokken 19:0 den 18/4 1995
Kvifor er alle glade i dei kleda vi hadde på syttitalet?
Eg hugsar best dei kleda eg ikkje fekk, eller som eg foerst
fekk naar dei var på salg utpaa aattitalet ein gong.
For ikkje aa snakke om dei kleda som mor kjoepte i staden
for dei eg ville ha. Ho meinte vist at dei var "like bra".
Kva veit vel ho om mobbing? Ho vaks opp like etter krigen i
ei tid der normenn trudde at mote var ei branngult baer vi
plukka på fjellet. Det er hugsar best var eit par dongribukser,
"1+1", kjoept på Samvirkelagets. Den fyrste dagen eg brukte dei,
regna det vassrett, saa eg kom i gymmen med vaat bukse. Daa
kunne alle sjaa at eg hadde blaa laar under nylon-sjaartsen.
Buksa hadde sjølvsagt farga av, noko den heldt fram med til eg
hadde slite dei ut. Det var berre ein som syns det var toeft,
men det var pre-nerd, og sat bakerst i klassa og aat snoerret
sitt heile dagen.
Torgrim.