Tema: GTX sko
Fra:
Berge Myrene
E-Mail: berge@johanna7.hsr.no
Dato: Klokken 14:59 den 16/4 1995
Ein gong paa midten av 70-talet var det ein stille revolusjon paa
skofronten. Dei laag alltid samla i ein haug i kvite staaltraadkorger
midt i butikken; oransj med svart gummisaale og kvit skrift. GTX sko var
det einaste alternativet for den som ville vere in paa 70-talet. Ein anna
skotype som var in og som nesten overtok GTX skoa sin posisjon var svarte
fotballsko med mjuke gummiknottar. Eg har aldri spelt fotball, men eg trur
eg har slite ut minst 3 par fotballsko. Det som var kulast med svarte
fotballsko var at dei laga svarte striper i golvbelegget. Det same var
ogsaa mulig med GTX sko, men langt i fraa saa effektivt.