Tema: Dagens ungdom og pengar
Fra: Grunde Grimstad
E-Mail: s583@brems.ii.uib.no
Dato: Klokken 12:18 den 12/4 1995
Ungdomen i dag har ikkje dei rette perspektiva paa pengar.


Paa soetti-tallet var ein femmar ei formue, og vi panta flasker for aa kjoepe snop etter skuletid. Vi fikk 10 saltbomber for ei flaske, og butikkmannen tok dei med hendene ut fra boksa og putta dei i kremmerhus. (Seinare har eg forstaatt kven som var den sentrale smittespredaren i samanheng med dei store omgangssyke-epedemiane som herja med jamne mellomrom.)

Hugsar ein gang et eg kjoepte for ein tiar, og fekk munnsaar som varte i ei veke etterpaa.
Novel!
Og ein daarleg knallpistol (som faderen var imot) kunne vi faa for 10 flasker. Det tok litt lenger tid aa spare opp, men skulen vaar laag like ved ein Yrkesskule der det laag orntlige pornoblad i skogen ovanfor, og elevane betalte oss i flasker for aa skrive grisete ord paa tavla mens laeraren var ute.

Men i alle fall: leiker som kosta over 20 kr. saag vi paa som svindyrt, og nokon sum som overskreid det beloepet saag vi paa som ei uoppnaaeleg formue. (I foelge opphavet skulle vi visstnokk ha nokre tusen i banken, men det kom ikkje oss ved sidan vi ikkje hadde umiddelbar tilgang paa dei pengane, og dessutan var umogeleg aa rekne om i saltbomber.)

Men spoer du ein unge i dag kva han trur klokka di kostar, saa svarar han ikkje s: "Nei oeh, kanskje femten kroner?" slik som vi ville gjort. Neida, mest sannsynleg seier han: " Tja, over totusen?" , som er det femmdobbelte av kva eg har betalt, og legg til at Nintendoen hans med alle diskettane kostar no fire tusen.

Hadde nokon komt til oss paa soetti-talet og informert oss om at han hadde brukt over 350 NKr. paa klokka si ville vi sannsynlegvis besvimt.


Noko maa gjerast for aa gi dagens ungdom begrep om pengar. Dersom det fortsett paa denne maaten, kva skal daa skje naar dei kjem i tenaara og i studentalderen og faar pengar mellom hendene? Daa kjem dei kanskje ikkje til aa sloese ut pengar i aust og vest paa alt mulig ubrukelig skrot slik som oss.

Dei kjem til aa utvikle fornuftig oekonomisk sans lenge foer tida, og kanskje dei kjem til aa HA IGJEN PENGAR PAA STUDIELAANET!

Dei kjem til aa undergrave laanekassa og allting.

NOKO MAA GJERAST, FORT!!

Grunde.
Inkluder teksten fra denne posten Om oppslagstavlene