Tema: Re: Fluorskylling
Fra:
Ketil Matvik Foldal
E-Mail: d177@nise.ifi.uib.no
Dato: Klokken 19:2 den 11/4 1995
På den skulen eg gjekk var fluorskylling noko som høyrde åttiåra til. I syttiåra slapp vi å ta svinemakta i munnen, i staden måtte vi børste tennene med ein tannkost duppa i fluor. Fluortannpussinga gjekk føre seg i kjeramikkrommet i skulekjellaren, og giftbegera vart utdelte av ei feit dame frå folketannrøkta. Å sluntre unna var nærast umogleg, lærarinna vår passa på som ein hauk, og billege triks som "eg har gløymt tannkosten min" nytta ikkje. Eingongstannkostar låg alltid klare. Vi hadde likevel ein i klassen som klarte å snike seg unna kvar gong. Faren hans hadde nemleg fått det føre seg at fluor er kreftframkallande og difor skulle ikkje poden utsetjast for denne "faren". Eg trur likevel at det var denne unnasluntraren som hadde mest vondt av fluoskyllinga: stakkaren vart jo sett heilt utanfor det samhaldet fluorskyllinga si felles liding skapte. Heime hadde eg forresten fluortablettar med eit evneveikt gult smiletryne på.