Tema: Klinkis
Fra: Ketil Matvik Foldal
E-Mail: d117@nise.ifi.uib.no
Dato: Klokken 18:29 den 11/4 1995
Klinkis høyrde definitivt våren og syttiåra til. Så snart snøen hadde trekt seg attende samla guteflokken seg kring teleløysingsblaute garasjevegar og fotballbaner. Det vat tre måtar å spele klinkis på: Hole, ring og strek. Strek vat tøffast. Her var det om å gjere å kaste kulene nærast mogleg streken; eller naturlegvis: få kula til å bli liggjande på streken. Av og til var det lov berre å kaste t.d. tre kuler per deltakar, andre gonger kunne ein "safte" så mange ein orka, turde eller hadde. Det siste favoriserte naturlegvis dei store; dei som gjerne hadde ståande eit par vaskebytter med klinkis. Eg høyrde med til den kategorien som alltid hadde få kuler, og måtte basere spelinga på mammas velvilje til nye innkjøp av kuler. Klinkis kunne kjøpast i to kvantum: Små plastposar med 25 trefarga kuler (dei raude/grøne/gule var best dei lilla/kvite/grøne var dårlegast) eller i skaiposar med 101 psykedelisk farga kuler. I tilleg førte enkelte butikkar spesialklinkis. Desse var t.d laga av porselen, dei var svært dyre men utruleg gode. Eigne spesialkuler kunne ein forresten lage ved å kaste vanlege klinkis på eit bål og grave dei fram att når bålet var slokna. Tvilar på at den oppveksande generasjon spelar klinkis i dag.
Inkluder teksten fra denne posten Om oppslagstavlene