Tema: Re: Så det så!
Fra:
Grunde Grimstad
E-Mail: s583@brems.ii.uib.no
Dato: Klokken 12:7 den 18/4 1995
> Kjetil Szajnfeld (ksz@slhk.no) skrev:
> > Og hvorfor er det egentlig en filmguide i Lillelørdag? Jeg synes det er
> > malplassert å ha en 'seriøs' filmguide i et slikt program. Når et program
> > inneholder SÅ mye sarkasme og ironi som Lillelørdag, så har jeg problemer
> > med å tro på hva de sier om filmer.
>
> Her er jeg helt enig med Magnus.
> Da jeg så filmguiden trodde jeg at det bare var kødd og ironi i anmeldelsen.
> Trodde i hvertfall ikke at det var noe seriøst....
>
> - Kjetil
Ironien aag alvor de vandrer til hope! Vel det var vel ikkje heilt slik men.
I alle fall: Lille Loerdag er ikkje, etter det eg har forstaatt, eit programm som legg seg paa ein profil med berre rein ironi, eller berre det motsatte. Det er slett ikkje berre paa filmguiden at dei koeyrer ei meir eller mindre serioes linje. Det gjer dei for ein stor del i resten av programmet ogsaa, sjoelv om det ikkje er saa godt synleg. Humoren er ikkje laast fast i faste sjangerar slik som det er vanleg i dei fleste andre humoristiske program.
Humor og alvor er roert sammen til ei suppe, og det kan vi like. Dette kan sjoelvsagt virke frustrerande paa mange. Humoren i Lilleloerdag er meir naivistisk og underfundig, men paa same maate kritisk til det som skjer, og ikkje minst, har skjedd. Vi har sett eksempel paa at dette kan vere hardt aa takle for folk som er vande med den trygge gamle typen humor-program, der dei veit at dei paa forhaand veit at: dette skal vere morsomt, og daa maa vi le. Og kanskje det er lagt paa latter i tillegg slik at dei kan vere heilt sikker paa at dei ler paa dei rette plassane. Men dei faar heller be NRK-styret pent, saa kanskje dei sender nokre fyllesketsjar med Arve Oppsahl og co.
Nuvel.
Dei ironiske lyskesparka sin tidsalder er forbi(i alle fall for ei stund), og tida er inne for litt meir intelligent humor. Og Lilleloerdag gjer det glimrande i den samanhengen. I staden for aa drite ut autoritetar tek vi dei heller med paa spoeken.
Keep up the good work fellas.
Grunde G.